Bøndene krev 1,83 milliardar i jordbruksoppgjeret

Bondeorganisasjonane krev 1,83 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år. Det meste skal dekkjast ved å auke dei statlege overføringane.

Illustrasjonsbilete.  Foto: Colourbox.com

innenriks

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte krava sine til departementsråd Leif Forsell i Landbruks- og matdepartementet torsdag.

– Det er eit krevjande utgangspunkt, lyd den første reaksjonen frå forhandlingsleiaren til staten.

Kravet inneber auka statlege løyvingar på 1.462 millionar kroner, 40.000 kroner meir per årsverk. Det er mykje, syns Forsell.

– Bønder er ikkje lønnsmottakarar, dei er private næringsdrivande. Hovuddelen av inntektene bør komme frå marknaden gjennom sal av produkt, seier han.

Kravet vil gi ein inntektsauke på 25.300 kroner per årsverk i landbruket. Det er i tråd med vedtaket frå Stortinget frå i fjor om å minske inntektsgapet mellom bønder og andre grupper.

Likevel, den største delen av potten, heile 1,4 milliardar kroner, skal dekke opp for forventa auka kostnader. I fjor åt auka kostnader opp mykje av inntektene til bøndene, viser tal frå Budsjettnemnda for jordbruket. Tala frå nemnda viser at bøndene har hatt ein inntektsnedgang, og dermed har forskjellen til andre grupper auka.

Bøndene meiner det er mogleg å skaffe berre 198 millionar kroner meir gjennom auka prisar i 2019. Forsell er samd i at det er avgrensa kva ein kan hente i marknaden. I dag blir det produsert meir av blant anna lam og svin enn det kundane spør etter. Det gjer at prisane fell.

Prioriterer dei minste

Bondeorganisasjonane foreslår fleire nye tilskotsordningar, blant dei eit eige tilskot til dei små og mellomstore mjølkebruka. Ordninga går ut på at bruk med opptil 20 dyr får 3.000 kroner per ku. Deretter blir tilskotet trappa ned og gardar som har 44 kyr eller meir, får ikkje noko slikt tilskot.

– Det er svært gledeleg at eit samla jordbruk fremjar eit slikt krav, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg.

Ordninga vil nå halvparten av mjølkebruka i landet.

Forsell meiner det er paradoksalt at bøndene prioriterer dei små og mellomstore bruka. Han påpeiker at det er dei største gardane som er sterkast påverka av aukande kostnader og prisfall. Det er også desse som i størst grad lever av inntektene frå garden, minner han om.

Men leiaren i Bondelaget har ikkje dårleg samvit.

– Vi har god oppslutning i organisasjonen om å framleis prioritere dei små og mellomstore, seier Bartnes til NTB.

Han påpeiker samtidig at bondeorganisasjonane også prioriterer tiltak som skal gi betre marknadsbalanse.

– Lukkast vi med det vil vi klare å ta ut meir inntekter i marknaden, og det treff i særleg grad dei større bruka, seier han.

Blant krava er også betre velferdsordningar. Furuberg trekte spesielt fram behovet for støtteordningar i samband med svangerskap og fødsel. Her møter ho velvilje frå motparten.

– Partane har til dels vore samde om at vi enkelte år ikkje har klart å prioritere velferdsordningane i stor nok grad, seier Forsell.

Staten kan dermed sjå ut til å løyve meir pengar til ordningar som vikar og avløysar.

Til Stortinget igjen?

Etter at Frp tok over landbruksdepartementet i 2013 har jordbruksforhandlingane vore ein konfliktfylt affære. I fjor enda saka hos Stortinget som auka ramma frå staten og fastslo at inntektene til bøndene må auke.

Om Stortinget må gripe inn også i år, står att å sjå.

– Det er ei oppside for regjeringa å få til ein jordbruksavtale, på same måte som for oss. Vi vil vere hardtarbeidande i det vidare løp, så får vi ta stilling til det når tilbodet kjem, seier Bartnes.

Furuberg har deltatt i forhandlingar sju gonger før. Berre ein gong har ho enda med avtale i staden for brot. I år er ho lysten på å få det til.

– Men då skal vi ha mykje, konstaterer ho.

– Vi har bygd opp kravet i samsvar med viljen frå Stortinget. Det står att å sjå om det er ein statsråd som er lydhøyr til Stortinget, slik dei må. Det blir spennande, seier ho.