Valldal

-Har mykje god bær lenge

Jordbærsesongen i Valldal er på langt nær over. Seinsortar kan strekke sesongen langt ut i neste månad.
innenriks

- Held sommarvéret fram slik som det har gjort til no, vil vi ha jordbær ut denne månaden, og langt ut i neste månad, seier dagleg leiar Harald E Valle i Valldal Grønt til Sunnmøringen. Han meiner bestemt at dei bøndene som har satsa på gode vanningsanlegg har att for det no.

-Dei er ikkje så sårbare for lite nedbør, seier Valle. Han meiner sesongen til no har vore god, men dersom det kjem styrtregn kan sesongen bli kortare. Bæra har i alle fall vore svært god.