Advokat: Frode Berg-rettssaka startar 2. april

Rettssaka mot Frode Berg startar 2. april i Moskva, opplyser den russiske advokaten hans, Ilja Novikov.
innenriks

– Rettssaka mot norske Frode Berg etter tiltalen om spionasje vil byrje i byretten i Moskva 2. april klokka 14:00, skriv Novikov på Twitter måndag ettermiddag.

Før helga vart det kjent at tiltalen mot nordmannen var klar og var oversendt byretten. Innhaldet i tiltalen er ikkje kjent.

Ein talsperson for retten uttalte at saka vil gå for lukka dører. Bakgrunnen er at det sikkerheitsgradert materiale vil bli omtalt.