Dreamliner blir Norwegians «krise-fly» i Europa

Norwegian set inn to store Boeing 787 Dreamliner-fly for å erstatte Max 8-flya på høgfrekvente ruter i Europa.
innenriks

Norwegian vart tidlegare denne månaden tvungne til å setje sine 18 Boeing 737 MAX 8-fly på bakken etter at 157 menneske mista livet då eit Ethiopian Airlines-fly av same modell styrta kort tid etter avgang i Etiopia.

I ei børsmelding måndag opplyste selskapet at dei ville setje inn sine store Dreamliner-fly «på høgfrekvente ruter» innan Europa, for å få passasjerane dit dei skal mens Max 8-flya står.

Det var flysmart24.no som først melde om Norwegians erstatningsfly.

– Vi har to Dreamlinerar tilgjengeleg no framover og vil nytte desse for å ta unna delar av den planlagde MAX-operasjonen, seier kommunikasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian til NTB.

Dreamlineren har allereie floge til Malaga og Las Palmas frå Oslo, og det vil han fortsetje med også i tida framover, så lenge det er behov.

Til NTB seier kommunikasjonssjef Sandaker-Nielsen at selskapet også vil leige inn fly frå andre selskap i tida som kjem, på grunn av auka trafikk og større helge- og ferieutfart.

– Vi kjem til å leige inn så mykje kapasitet det til kvar tid er behov for. Rekninga forventar vi at Boeing tar, seier han.

Dreamliner-flya er betydeleg større enn 737-flya, og har med sine to midtgangar og ni sete i breidda plass til opptil 344 passasjerar. Vanlegvis opererer dei berre på dei interkontinentale og oversjøiske rutene til Amerika og Asia.

(©NPK)