Medlemsvekst i Grøn Ungdom etter klimaaksjon

Ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne, Grøn Ungdom, har hatt ein medlemsauke på 30 prosent på ei veke.
innenriks

Om lag 40.000 ungdommar deltok fredag i klimaprotestar over heile Noreg. Det auka klimamedvitet blant dei unge kan ha fått utslag for Grøn Ungdom. Den siste veka har dei fått 400 nye medlemmer.

– Vi er no rekordmange medlemmer i Grøn Ungdom. Det er fantastisk motiverande å sjå at ungdomsopprøret går inn i dei politiske partia, og at så mange unge ser på Grøn Ungdom som eit naturleg val, seier talspersonen til ungdomspartiet Hulda Holtvedt.

I Oslo og på over 70 andre stader i landet vart det fredag gjennomført klimastreik. Ei oppteljing viste at minst 36.000 skuleelevar hadde trassa åtvaringar om ugyldig fråvær og møtt opp, men då var aksjonane frå over 50 stader ikkje talt med.

– Medlemsveksten vi har opplevd den siste veka er historisk. Dette viser at klimaopprøret ikkje stoppar her. Når klimastreikarane får røysterett, blir dei politiske partia nøydt til å levere i klimapolitikken, seier Holtvedt.

(©NPK)