Skattedirektøren vil skattleggje Facebook og Google

Skattedirektør Hans Christian Holte fryktar for tilliten til skattesystemet når globale aktørar som Google, Amazon og Facebook slepp unna skattekrav.
innenriks

Skattedirektøren meiner selskapa undergrev velferdsstaten og skattemoralen, og han seier det hastar med nye reglar.

Holte tar denne veka del på OECDs toppmøte om skatt i Chiles hovudstad Santiago. Der vil han som leiar av OECDs skatteforum (FTA) ta opp spørsmålet om skattlegging av store globale selskap som kan drive verksemd og tene pengar i eit land utan å vere fysisk til stades i landet

– Det vi alltid er opptatt av er korleis vi skal sikre den gode tilliten til skatesystemet som vi har i dag. Derfor er det viktig at vi har eit system som vi ser fungerer for alle typar selskap, seier Holte til NRK.

I forkant av møtet skriv Skattedirektoratet at det å vere fysisk til stades har vore det avgjerande kriteriet for å kunne skattleggje utanlandske selskap i Noreg. Digitaliseringa av økonomien utfordrar derimot denne modellen.

– Digitaliseringa av økonomien inneber at selskap i aukande grad kan tene ein marknad utan å vere nemneverdig fysisk til stades der. Dette set press på dei internasjonale reglane om kva for land som skal kunne skatte inntekta.

Holte er klar på at landa må samarbeide om skattereglane.

– Sololøp frå dei enkelte landa vil ikkje leie oss til eit godt tydeleg skattesystem for verda på det digitale området, seier Holte.

(©NPK)