Telenor gav Berit Svendsen sluttpakke på 6,8 millionar

Den avgåtte Telenor-toppen Berit Svendsen (55) fekk med seg ei sluttpakke verd 6,8 millionar kroner då ho måtte gå frå Telenor i fjor haust.
innenriks

Det går fram av årsrapporten frå Telenor som vart offentleggjort måndag.

– Sluttoppgjeret mellom Telenor og Berit Svendsen er på 6,8 millionar kroner, og er reflektert i kolonnen «Andre godtgjørelser» i 2018 tabellen, står det i ein fotnote i årsrapporten.

Svendsen var direktør for Telenor Noreg og hadde ansvar for interessene til telegiganten i Skandinavia då ho 4. september i fjor overraskande slutta i selskapet. Visstnok skal det ha vore ein maktkamp mellom henne og konsernsjef Sigve Brekke, men dette vart tilbakevist. Svendsen sjølv ville ikkje kommentere påstandane.

I slutten av september vart det kjent at Svendsen fekk ei stilling i betalingsløysinga Vipps der ansvaret hennar er å få tenesta kjent i utlandet.

(©NPK)