Undersøkingar av Viking Sky byrjar måndag

Politiet, Sjøfartsdirektoratet og havarikommisjonen skal måndag om bord på cruiseskipet Viking Sky for å finne ut kvifor skipet vart ramma av motorstans.
innenriks

Driftsselskapet Wilhelmsen, som har ansvar for 71 av mannskapa på cruiseskipet, seier til Bergens Tidende at både politiet og Sjøfartsdirektoratet har bedt om å komme om bord.

I kva grad politiet skal etterforske motorhavariet som ei straffesak, vil dei ta stilling til måndag morgon.

– Vi har brukt helga på redning, og all vår energi har gått til det. Kva vi gjer vidare tar vi stilling til måndag, seier politimeisteren Ingar Olav Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Dialog

Det var 1.373 personar om bord då Viking Sky fekk motorstans ved 14-tida laurdag. Rundt 470 passasjerar vart heisa om bord i helikopter i ein omfattande redningsaksjon. Totalt har 27 personar vorte behandla på sjukehus i Molde og Kristiansund etter hendinga med cruiseskipet Viking Sky. Tilstanden blir kalla som alvorleg for ein av desse.

Så langt har ikkje politiet vore i kontakt med verken reiarlaget, driftsselskapet, mannskapet, passasjerane eller lósane i etterforskningsøyemed.

– Vi har vore i dialog med Havarikommisjonen, og sett avgjerda på vent, seier jourhavande jurist Yngve Skovli hos Felles Strafferettsinntak i Møre og Romsdal politidistrikt.

Hendingsgang

Statens havarikommisjon for transport seier til VG at også dei ønsker å granske hendinga.

– Bakgrunnen for at vi har valt å undersøkje denne saka er med utgangspunkt i sjølova. Vi ser at det var ein høg risiko for passasjerane om bord og fartøyet, seier avdelingsdirektør Dag Liseth.

– Vi må hente inn informasjon frå vitne, besetning, elektroniske spor, og prøve å etablere ein hendingsgang. Då kan vi sjå på kva vi bør undersøkje vidare, seier han.

Skipet, som var på veg frå Tromsø til Stavanger, fekk store motorproblem, og det var dårleg vêr i området. På det næraste låg skipet 1,5 kilometer frå fastlandet i farleg grunt farvatn. På eit tidspunkt var skipa berre 100 meter frå å grunnstøyte. Video frå passasjerar om bord viser stor dramatikk, kraftige bølgjer, lause møblar og takplater.


(©NPK)