Erna Solberg: IS-mødrene må bli igjen i Syria

Statsminister Erna Solberg seier til Aftenposten at om barn av norske IS-foreldre skal hentast heim, blir det utan mødrene.
innenriks

Solberg opnar for å hente heim barn av norske IS-foreldre, dersom foreldra samtykkjer til det.

– Ein naturleg konsekvens av dette vil bli å skilje barn frå mora, seier statsministeren i eit intervju med Aftenposten.

Politiets tryggingsteneste har tidlegare anslått at det er om lag 40 barn med norsk tilknyting i Syria i dag.

– I utgangspunktet har foreldra ansvaret for barna. Det er dei foreldrelause som er prioriteten vår. Så finst det òg andre barn. Dersom vi skal hente dei ut, treng vi samtykke frå foreldra, seier Solberg.

Statsministeren opplyser at regjeringa òg jobbar for å avgrense moglegheitene for familiegjenforeining.

– Vi ser no på moglegheitene for å halde foreldra utanfor moglegheita for familiegjenforeining. Framandkrigarar med bakgrunn frå andre land utgjer ein tryggingsrisiko for det norske samfunnet. Men vi prioriterer dei foreldrelause barna. Skulle vi hente ut fleire, så må foreldra samtykke, seier Solberg.

Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) seier tysdag ettermiddag til NRK at norske barn som eventuelt blir henta heim frå Syria, ikkje vil få familiegjenforeining med utanlandske foreldre.

(©NPK)