To av tre KEiiNO-medlemmer i slekt med «Bettan»

Noregs Eurovision-håp KEiiNO har tatt DNA-testar som viser at joikar Fred Buljo er mest finsk – og at dei to andre er i fjern slekt med Elisabeth Andreassen.
innenriks

Resultata av prøvene, som er analyserte av eit slektsgranskingsselskap som er sponsor av Eurovision Song Contest, vart presentert torsdag kveld.

Testen viser at Tom Hugo Hermansen, med artistnamnet Tom Hugo, er 97,6 prosent skandinavisk og 2,4 prosent italiensk. Bandkollega Alexandra Rotan er 79,1 prosent skandinavisk, 19,9 prosent irsk/skotsk/walisisk og 1 prosent sentralasiatisk.

Det vart òg kjent at dei begge er fjerne slektningar av Elisabeth Andreassen, som er blant dei tidlegare Eurovision-vinnarane som har tatt testen. Som ein halvdel av Bobbysocks sørgde ho for Noregs første siger.

– Eitt av dei første minna mine er sigeren til Bobbysocks i 1985. Eg var fem og eit halvt år gammal. Det var då eg sa til foreldra mine at eg ville vere på den scena, i Eurovision. Så dette knyter det heile saman, seier Tom Hugo.

For joikar og same Fred Buljo viste testen at han er 61,3 prosent finsk, 27,7 prosent skandinavisk og 8,4 prosent eskimo/inuitt.

(©NPK)