Støtta til Kyrkja avgjer framleis kva andre trussamfunn får

Den nye trusstøtta skal fordelast likt uavhengig av trussamfunn, men skal òg i framtida vere basert på medlemstalet i Kyrkja.
innenriks

Støttesystemet for trus- og livssynssamfunna blir vidareført i det nye felleslovverket for trussamfunna, som blir lagt fram fredag. Det betyr at storleiken på støttesatsen til trussamfunna blir basert på kor mykje Den norske kyrkja får, skriv Vårt Land.

Regjeringa vil behalde systemet der summen Den norske kyrkja får per medlem, òg er satsen som avgjer kor mykje andre trussamfunn skal få per medlem. Men medan trussamfunna i dag får støtte frå både stat og kommune, foreslår regjeringa ei reint statleg tilskotsordning.

– Det viktigaste er at ordninga er føreseieleg og trygg for Den norske kyrkja og andre trussamfunn, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land.

Arbeidet med den nye lova har gått føre seg sidan september 2017, då forslaget om eit ny heilskapleg lov vart send ut på høyring.

Det nye lovverket skal leggast fram etter statsråd fredag og erstattar dagens tre lovverk: kyrkjelova, trussamfunnslova og livssynssamfunnslova.

(©NPK)