Volkswagen opna internasjonalt datasenter på Rjukan

Tysdag opna det nye datasenteret Green Mountain på Rjukan. Fornybar vasskraft til låge prisar førte Volkswagen Gruppen til Telemark.
innenriks

– For oss er både økonomiske faktorar og berekraft i selskapet viktige aspekt. Det nye datasenteret i Noreg tilfredsstiller begge delar. Drifta er kostnadseffektiv og heilt klimanøytral, seier Mario Müller i Volkswagen-gruppa i ei pressemelding.

Datasenteret blir drive av fornybar vasskraft og spesialiserer seg på å levere avanserte tenester til kundar over heile verda.

Volkswagen-gruppa opplyser at dei vil bruke Green Mountain til utviklingsprosjekta sine av nye bilar. Det inneber til dømes simuleringar av kollisjonstestar og vindtunneltestar.

E24 skriv at den sju år lange kontrakten med Volkswagen-gruppa har resultert i ei investering på 180 millionar kroner.

Administrerande direktør i Green Mountain, Tor Kristian Gyland, seier til E24 at han håper at kontrakten vil føre til fleire jobbar på sikt.

– Det som er viktigast for oss, er at dette opnar vegen for fleire kundar. Vi ser tydeleg at avtalen med Volkswagen og Audi er med på å auke interessa frå andre bedrifter.

Senteret vart opna av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen tysdag. Han seier at behovet for slike datasenter vil auke i framtida.

(©NPK)