Nytt forskingsprosjekt etter 22. juli: – Framleis mange som slit

Til hausten startar arbeidet med å kartlegge oppfølgingsarbeidet av dei som vart ramma av terrorangrepet i 2011.
innenriks

Støttegruppa for 22. juli meiner at det framleis trengst meir forsking og kartlegging av dei overlevande etter terrorangrepet.

– Generelt vil eg seie at mange har det bra, trass i merka dei ber med seg. Mange har fått den hjelpa dei treng, men det er framleis ein del som slit, seier leiaren i støttegruppa, Lisbeth Kristine Røyneland, til NTB.

Kartlegginga skal vere eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt kompetansesenter for vald og traumatisk Stress (NKVTS) og Senter for krisepsykologi.

Håper på suksess

Måndag neste veke er det åtte år sidan terrorangrepet der 77 personar vart drepne. Det vil bli halde markeringar både utanfor Høyblokka i regjeringskvartalet og på Utøya.

I fjor sommar hadde støttegruppa eit innspelsmøte med helseminister Bent Høie (H) om oppfølginga av dei ramma, der dei fekk gjennomslag for forskingsprosjektet i haust. Bakgrunnen var ei undersøking støttegruppa hadde gjennomført i fjor, som viste at éin av fem rørte etter terrorangrepa 22. juli 2011 ikkje får den helsehjelpa dei treng.

Røyneland trekker fram at mange av dei mellom anna har hatt problem med å finne fram i systemet.

– Det kan til dømes vere å finne riktige psykologar, rette seg mot Kontoret for valdsoffererstatning, og utfordringar med Nav. Det kan vere fordi dei ikkje har fått rett oppfølging. Vi håper prosjektet blir ein suksess, seier ho.

Løyvde midlar

Helsestyresmaktene løyvde derfor middel knytt til dei regionale sentera mot vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging i samband med dei utfordringane støttegruppa har skissert.

Dei siste studiane i statleg regi som kartla situasjonen for dei etterlatne og overlevande, er frå 2014.

Statsminister Erna Solberg (H), tidlegare Ap-leiar og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Ina Alvilde Rangønes Libak er blant dei som skal delta på arrangementa 22. juli i år.

Markeringa blir den første etter at det vart kjent at 22. juli-senteret i Oslo sentrum skal bli ein del av det nye regjeringskvartalet.

----------------------

Fakta om minnemarkeringa 22. juli 2019

* Offisiell opning ved minnestaden i regjeringskvartalet utanfor Høyblokka klokka 9.30. Tor-Inge Kristoffersen i Nasjonal Støttegruppe ønsker velkommen. Lisbeth Kristine Røyneland frå støttegruppa held tale.

* Statsminister Erna Solberg held tale, og er med på kransenedlegging, AUF-leiar Ina Alvilde Rangønes Libak og Lisbeth Kristine Røyneland i støttegruppa.

* Høgmesse i Domkyrkja klokka 11.00

* Klokka 16.00 startar markeringa på Utøya, i bakken.

* Rundt klokka 16.45 på kaia: Namneopplesing og kransenedlegging ved statsminister Erna Solberg, Ap-leiar Jonas Gahr Støre, AUF-leiar Ina Alvilde Rangønes Libak og Lisbeth Kristine Røyneland i støttegruppa.

(©NPK)