Agnete Johnsgaard-Lewis ny sjef i Norske Shell

Shell i Noreg har fått ny sjef. Agnete Johnsgaard-Lewis kjem tilbake til heimlandet etter å ha jobba for oljeselskapet globalt.
innenriks

Johnsgaard-Lewis, som opphavleg er frå Jessheim, har leidd forbetringsprogram i Brasil og hatt ansvar for teknologiutvikling og digitalisering i den globale djupvassporteføljen, som blir styrt frå Houston, skriv Shell Noreg i ei pressemelding. Ho tar over som administrerande direktør etter Rich Denny.

– Vi skal drive operasjonane våre trygt og berekraftig, og forvalte dei langsiktige posisjonane våre i Ormen Lange og Troll på beste måte. I tillegg ønsker vi å fornye porteføljen vår i Noreg. Olje og gass kjem til å vere hovudverksemda vår i lang tid, men vi vil òg vere ein partnar for Noreg i utviklinga av fornybar energiproduksjon og CCS (karbonfangst- og lagring, red.anm.), seier Johnsgaard-Lewis.

Shell Noreg opplyser at dei òg har fått ny styreleiar i sommar, nemleg Tom Melbye Eide, som er juridisk direktør for Shells globale oppstraumverksemd.

(©NPK)