Forskarar: Klimaendringar bidrar til torskekrise

Klimaendringane er ein viktig grunn til årets torskekrise, ifølgje havforskarar. Økosystemet er i endring og truar næringsgrunnlaget til torsken i Sør-Noreg.
innenriks

– Næringsgrunnlaget for torsken har kollapsa. Økosystemet har vore gjennom det vi forskarar kallar eit regimeskifte, seier forskar Tore Johannessen ved Havforskingsinstituttet til Aftenposten.

Ifølgje Johannessen har det skjedd store endringar i planktonbestandane etter 2002. Ei viktig årsak er at gjennomsnittstemperaturen har stige med 1,5 grad sidan 1980-talet.

– Hovudårsaka er truleg at det har vorte varmare i sjøen, seier Johannessen, som understrekar at klimaendringar kjem på toppen av tilførsel av næringsstoff frå landbruk, industri og bruk av fossilt brensel.

Når det gjeld torskebestanden, fann forskarane i 2018 nesten ingen eittåringar. Årsaka er mest sannsynleg matmangel.

– Småfiskane og rekene som dei lever av, er sterkt redusert. Torskeyngelen har derfor truleg svolte i hel, eller dei har vorte etne fordi dei vart svekte av for lite mat. Og utan eittåringar, blir det ingen toåringar, seier Johannessen.

Data i 100 år

Kvart år sidan 1919 har havforskarar med base i Flødevigen utanfor Arendal samla inn data om artar i Skagerrak ved å kaste strandnot på over 100 faste stader langs kysten. Ved å samanlikne data frå år til år, har forskarane funne at det skjer endringar i artsmangfaldet.

Ifølgje Halvor Knutsen, som leiar Senter for marin forsking ved Universitetet i Agder, kan dagens sentrale artar bli redusert eller heilt borte.

– På svenskekysten er det dei siste 20 åra vorte drastisk færre torsk langs kysten. Liknande tendensar er observerte i austlege delar av kysten på Sørlandet, seier Knutsen i ein artikkel laga av Universitetet i Agder, som måndag vart publisert av forsking.no.

Varig endring?

Forskarane fryktar at endringane er varige.

– Det bekymringsfulle ved slike skifte i økosystemet er at vi aldri har sett at det gamle systemet har komme tilbake igjen, seier Johannessen til Aftenposten.

Frå 15. juni har det vore forbode med torskefiske langs kysten frå Telemark til svenskegrensa. Forbodet gjeld ut året og omfattar både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar. Årsaka er at torskebestanden er trua.

23. juli innførte EU forbod mot kommersiell fangst av torsk aust i Austersjøen. Det var det første EU-forbodet i sitt slag som gjeld ein art i Austersjøen.


(©NPK)