Krekars meddømte må likevel sitje i varetekt i vente på utlevering

Mannen som er dømd i same terrorsak som Krekar i Italia, må likevel sitje i varetekt medan utleveringskravet er behandla, ifølgje Borgarting lagmannsrett.
innenriks

Den 46 år gamle mannen er varetektsfengsla i åtte veker, konkluderer Borgarting lagmannsrett i ei rettsavgjerd måndag. Han er i Italia dømt til sju og eit halvt års fengsel for å ha inngått terrorforbund med andre, og er òg her i landet sikta etter terrorforbundsparagrafen i straffelova.

Lagmannsretten har dermed komme til motsett konklusjon av det Oslo tingrett gjorde for ei snau veke sidan.

Italia har kravd mannen utlevert i vente på ankebehandlinga. Borgarting lagmannsrett poengterer i si sak at «han risikerer en lang ubetinget fengselsstraff i Italia, og italienske myndigheter viser at de tar skritt for å få ham utlevert for gjennomføring av ankebehandlingen og eventuell fullbyrdelse av straffen».

Sjølv om mannen har ei sterk tilknyting til Noreg, har familie og barn her og forsikrar at han vil samarbeide med politiet, har lagmannsretten komme til at det er overhengande fare for at han vil prøve å stikke av for å unndra seg rettsforfølging og straff.

(©NPK)