Krisemåling for KrF

KrF og Venstre får under 3 prosent oppslutning i novembermålinga til Vårt Land. Også her er det Senterpartiet som er den store vinnaren.
innenriks

KrF får ei oppslutning på 2,9 prosent, etter ein tilbakegang på 0,7 prosentpoeng, i novembermålinga som Norstat har laga for Vårt Land. Det betyr at berre halvparten av veljarane til KrF frå førre val er lojale. Med oppslutninga frå novembermålinga ville partiet berre fått éin representant på Stortinget.

Tilbakegangen er målt same veke som det har storma rundt utspelet til partiet mot miljørørsla og haldninga partiet har til homoterapi.

– Det er vanskeleg å gi eksakte årsaker til enkeltmålingar. Men vi veit at det igjen har vore mykje merksemd rundt vegvala til KrF den siste tida. Slikt gjer ikkje at ein trekker veljarar til seg, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad til avisa.

Venstre får ein kraftig tilbakegang og får ei oppslutning på 2,0 prosent i meiningsmålinga, etter ein tilbakegang på 1,3 prosentpoeng.

Senterpartiet får heile 20 prosents oppslutning i målinga, og er dermed partiet som gjer det best, med ein framgang på 1,9 prosentpoeng. Frp går mest tilbake, med 2,7 prosentpoeng, og får ei oppslutning på 9 prosent.

Vidare får Arbeidarpartiet 22,9 prosent oppslutning (+1,3), Høgre 20,8 (-0,7), Raudt 4,2 (-0,7), SV 8,1 (+0,4), MDG 6,9 (+0,7) og Andre 3,1 (+0,3).

(©NPK)