Medium: IS-sikta kvinne er på veg til Noreg

Den 29 år gamle terrorsikta kvinna og dei to barna hennar er på veg til Noreg, fortel både NRK og TV 2.
innenriks

Ifølgje TV 2 var både politi, barnevernet og helsepersonell fredag kveld på plass på Gardermoen.

Frå flyplassen skal dei tre først blir frakta til sjukehus. Kvinna blir truleg framstilt for varetektsfengsling måndag.

Saka om heimhentinga av den vesle familien har skapt kraftig misnøye i Frp, som no truar med å gå ut av regjeringa med mindre dei får innfridd ei rekke nye krav.

Advokaten til kvinna Nils Christian Nordhus har varsla ein pressekonferanse etter at kvinna og barna hennar har komme Noreg.

(©NPK)