400 tonn egg kan bli grisefôr

Norturas egglager er for stort. No har konsernet fått grønt lys til å bruke nærare 400 tonn egg til grisefôr.
innenriks

Det er det statlege Omsetningsrådet som med åtte mot to stemmer har innvilga Norturas søknad om å bruke egg som var rekna på menneske til dyrefôr, skriv Nationen.

Ifølgje Nortura vil det ikkje vere mogleg å bruke det noverande egglageret, som nærmar seg 1200 tonn, til vanlege produkt før egga blir for gamle.

Omsetningsrådet peikar i protokollen sin på at næringa spring ein risiko for negativt omdømme, men skriv samtidig at det er betre at egga blir brukte som dei gjer, i staden for at dei blir øydelagde – både av omsyn til kostnader, omdømme og miljø.

Ti tonn overskotsegg skal òg brukast til omelettmiks til velgjerande organisasjonar.

Direktør i Totalmarked Kjøtt og Egg i Nortura, Ole Nikolai Skulberg, forklarer situasjonen med at det har vore store avbestillingar frå andre aktørar, kombinert med leveransar over dobbel mottaksplikt.

(©NPK)