Arbeidstilsynet åtvarar mot fakturasvindel

Arbeidstilsynet åtvarar mot ein faktura for tenester knytt til internkontroll som dei meiner er eit forsøk på svindel.
innenriks

Fakturaen kjem visstnok frå HMS Kontroll, og i fakturaen blir det referert til nettsidene til Arbeidstilsynet.

– For Arbeidstilsynet er det viktig å få fram at denne fakturaen frå HMS Kontroll ikkje kjem av krav frå Arbeidstilsynet eller krav i regelverket om internkontroll, seier kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i tilsynet.

Tilsynet har meldt firmaet for svindelforsøk, og dei ber alle som har fått slike fakturaer, om å sjekke om dei har bestilt tenesta dei er fakturerte for.

(©NPK)