Hassan og Faldbakken nominerte til Nordisk råds litteraturpris

Den danske poeten Yahya Hassan og den norske forfattaren og kunstnaren Matias Faldbakken er blant dei nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2020.
innenriks

Den kontroversielle lyrikaren Yahya Hassan er nominert for den andre diktsamlinga si, «Yahya Hassan 2», som kjem ut til våren her heime.

– Då eg las den første diktsamlinga, vart eg imponert og skaka. Diktsamlinga som kjem no, er om mogleg endå sterkare. Ho er original, vital og brutal. Dette er litteratur som betyr noko. Sårt, ærleg og rasande, seier redaktør Anne Fløtaker i Armada om samlinga.

– Eg skriv om livet mitt og meg sjølv, og det er elende og sorg, uttalte Yahya Hassan i eit intervju med Weekendavisen, som DR gir att utdrag av.

Faldbakken og Almaas

Frå Noreg er Matias Faldbakken nominert for romanen «Vi er fem» og Bjørn Esben Almaas for romanen «Den gode vennen».

Boka til Faldbakken har hausta gode kritikkar og har både vunne og vorte nominert til fleire prisar. Fleire meldarar hadde ho på lista over dei beste norske romanane i fjor.

Boka er seld til fleire forlag i utlandet, og krimforfattar Jo Nesbø omtalte boka som «Rural novel meets domestic thriller meets Mary Shelley's Frankenstein».

– Bygderoman, ja. Heimstads-thriller, absolutt. Mary Shelley's Frankenstein, gjerne det, sjølv om ein kanskje ikkje bør samanlikne den vesle boka si med absolutte meisterverk. Men eg er glad for at han gjer det! sa Faldbakken til NTB i november i fjor.

Om romanen til Almaas skriv Stavanger Aftenblads meldar at han leverer eit sterkt psykologisk portrett av ein gut, som hausten 1987 blir stille og unnvikande. Den andre delen av boka føregår i 2013, då eg-forteljaren er i slutten av 30-åra og synest å gå opp i liminga, kanskje som følgje av hendingane i 1987.

Fagerholm og Sem-Sandberg

For fire år sidan vann den finlandssvenske forfattaren Monika Fagerholm Svenska Akademiens nordiske pris for forfattarskapen sitt. Ho bur i Finland og blir, ifølgje Oktober, rekna som ein av dei fremste finlandssvenske forfattarstemmene.

Romanen «Vidunderlige kvinner ved vann» frå 1994 vart gjennombrotet hennar. Dei tre romanane som følgde – «Diva», «Den amerikanske jenta» og «Glitterscenen» – vart alle innstilte til Nordisk råds litteraturpris. No er ho nominert for romanen «Vem dödade bambi?", som sentrerer rundt ein brutal gruppevaldtekt.

– Mange meiner eg er kalkulert og driv ein slags litterær sport der eg finn på ting for påfunnet si skuld. Slik er det ikkje i det heile tatt. Men alt blir så rasjonelt i litteraturvitskapen. Eg gjekk lei av teori om form og struktur. Eg vil inn til følelsane, det er dei som interesserer meg, sa ho til NTB i 2011.

Frå Sverige er Steve Sem-Sandberg for tredje gong nominert til Nordisk råds litteraturpris, denne gangen for romanen «W». I boka teiknar han eit bilde av eit splitta Europa. Romanen blir kalla ein omsynslaus studie av det sårbare mennesket.




(©NPK)