Mæland ser på straffereaksjonar mot ungdom på nytt

Justis- og beredskapsdepartementet jobbar med ein revisjon av straffereaksjonane mot ungdom, opplyser justisminister Monica Mæland (H).
innenriks

Mæland opplyser vidare at departementet i samband med revisjonen også vil sjå på korleis bruken av andre straffereaksjonar, som fengselsstraff på vilkår, blir behandla.

Opplysningane kjem i eit skriftleg svar til Frps justispolitiske talsperson, Per-Willy Amundsen, melder Nettavisen. Amundsen spurde om regjeringa planlegg å gjere det enklare å setje ungdom i fengsel og reversere endringar i straffelova frå 2012.

I 2012 vart det vanskelegare å dømme unge under 18 år til fengselsstraff, og i 2014 vart det innført nye straffereaksjonar mot ungdom, som ungdomsstraff.

(©NPK)