Nortura kallar tilbake svineprodukt i Nord-Noreg

Svinenakke, svinekam og kjøtpølser med og utan skinn frå Gilde blir kalla tilbake frå Spar-, Eurospar- og Rema-butikkar i nord, melder Nortura.
innenriks

Årsaka til tilbakekallinga er at varene har vorte frigitt til marknaden utan at svar på rutinemessige trikin-prøvar er komne.

Produkta som er kalla tilbake, er svinenakke selde i Spar- og Eurospar-butikkar med bruksdato 02.03 og 09.03, og svinekam som er seld i same butikkar med bruksdato 27.02.

Nortura kallar òg tilbake skinnfri kjøtpølse 900 gram og kjøtpølse original 1,2 kilo selde i Rema-butikkar med bruksdato 23.03.

Det er berre produkt selde i desse butikkane i Nordland, Troms og Finnmark som blir kalla tilbake.

(©NPK)