Pahr-Iversen utnemnd til riddar

Kongen har utnemnt biletkunstnaren Kjell Pahr-Iversen til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.
innenriks

Den 83 år gamle Stavanger-kunstnaren får utmerkinga for innsatsen sin som kunstnar, og dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement på Ledaal i Stavanger måndag 2. mars.

Den kjende norske samtidskunstnaren er innkjøpt av tunge institusjonar som Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og kunstsamlingane til Oslo kommune. Pahr-Iversen har òg hatt mange utsmykkingsoppdrag.

(©NPK)