Person slått i hovudet med hammar i Oslo sentrum

Ein mann i 40-åra er køyrd til sjukehus med hovudskadar etter å ha vorte slått med ein hammar på Tøyen i Oslo. Politiet har arrestert ein annan mann i 40-åra.
innenriks

– Mannen er send til Ullevål sjukehus med kraniebrot, opplyser politiadvokat Jørgen Brodal i Oslo politidistrikt til NTB.

Hendinga fann stad torsdag morgon.

– Vi fekk melding inn 5.48 om at ein person har vorte slått i hovudet med ein hammar av ein, for han kjend person, opplyser operasjonsleiar Guro Sandnes i Oslo politidistrikt.

Den mistenkte vart kort tid etter arrestert i ein væpna aksjon. Operasjonsleiaren opplyser at hendinga truleg skjedde inne i ei leilegheit eller oppgang. Det var fleire vitne til hendinga.

Den arresterte er kjend for politiet frå tidlegare.

(©NPK)