Statlege leiarlønningar held fram med å vekse

Leiarar i staten fekk ein lønnsvekst på 4,8 prosent i snitt i fjor. Vanlege arbeidstakarar måtte nøye seg med ein lønnsauke på 3,6 prosent.
innenriks

Det viser tal avisa Dagens Perspektiv har henta frå SSB.

Tala gjeld om lag 900 toppleiarar og administrerande direktørar i staten, som departementsråd og ekspedisjonssjefar i departementa, toppleiarar i større etatar og institusjonar, fylkesmenn og politimeistrar.

For dei siste fem åra har lønningane deira auka med 3,9 prosent i snitt per år, medan gjennomsnittet for alle arbeidstakarar har lege på 2,7 prosent. Lønnsveksten for dei statlege leiarane er langt over gjennomsnittet for leiarar i næringslivet, skriv avisa.

Gjennomsnittleg årslønn for toppleiarar i staten var i 2019 på 1.345.920 kroner, ein auke på 61.000 kroner frå året før.

At lønnsforskjellane held fram med å auke bryt med direktiva til regjeringa. Kommunaldepartementet har bedt dei andre departementa og etatane dempe lønnsveksten for leiarane. Ifølgje retningslinjene til staten skal lønnsutviklinga for leiarar vere på linje med lønnsutviklinga i samfunnet elles.

(©NPK)