Flåmsbana opna for trafikk etter skred

Flåmsbana mellom Myrdal stasjon og Flåm i Aurland er igjen opna for trafikk, melder Bane Nor.
innenriks

Flåmsbana vart stengt laurdag ettermiddag på grunn av eit snøskred mellom Blomheller og Berekvam. Skredet reiv ned kontaktleidningen og gjorde stor skade.

Vy opplyser til NRK at det framleis kan bli forseinkingar og innstillingar på strekninga til banen er tilbake i normal drift.

Bane Nor prioriterte å opne Bergensbanen, der eit tog med 115 passasjerar køyrde seg fast skredet som gjekk ved Upsete stasjon mellom Mjølfjell og Myrdal seint laurdag kveld.

(©NPK)