Domstolane ventar eit ras av koronakonkursar

Domstolane i landet reknar med at koronautbrotet vil medføre fleire tusen konkursar som må behandlast.
innenriks

I eit brev til Stortinget åtvarar Domstoladministrasjonens direktør Sven Marius Urke om at det kan ventast ein solid auke i talet på konkursar i tida som kjem som følgje av koronaviruset. Han ber om ekstraordinære middel til å handtere sakene, skriv Dagbladet.

– Basert på tal frå finanskrisa i 2008 har Domstoladministrasjonen berekna at det vil komme 6.000 fleire konkurssaker til domstolane som følgje av dei negative effektane av koronaviruset på norsk økonomi, skriv Urke og avdelingsdirektør Jann Ola Berger i brevet.

Dei reknar med at aukane i talet på saker vil byrje å komme seint på hausten i år og halde vidare fram til neste år. Dei ber om ei tilleggsløyving på 181 millionar kroner for å handtere alle dei nye sakene og til å rydde opp i etterslepet av saker på grunn av virusutbrotet.

I brevet blir det også åtvara mot at talet på arbeidsrettssaker kan komme til å auke veldig det neste året.

(©NPK)