To fleire koronapasientar er innlagde

Torsdag er 19 personar innlagde på norske sjukehus med påvist koronasmitte. Det er to fleire enn onsdag.
innenriks

Éin person får torsdag behandling med respirator – det same som dagen før, viser oppdaterte tal frå Helsedirektoratet.

16 personar er innlagde på sjukehus i Helse sør-aust, medan Helse Midt-Noreg har tre innlagde.

Torsdag ettermiddag er det registrert 251 koronarelaterte dødsfall i Noreg, noko som er det same som dagen før.

(©NPK)