Frps Jon Georg Dale tek ikkje attval til Stortinget

Tidlegare landbruksminister og samferdselsminister Jon Georg Dale seier nei til ein ny periode på Stortinget.
innenriks

– Det er ikkje ei lett avgjerd å ta, men det ville ikkje vore lettare om fire år. Tida er no. Politikk har vore ein stor del av livet mitt i snart 20 år, dei siste 18 som folkevald, seier Jon Georg Dale til Dagens Næringsliv.

Han seier at han no ønskjer å gå ut i næringslivet, og at ønsket har forsterka seg i lys av koronaviruset.

– For eg har sett kva utfordringar næringslivet vil ha dei neste åra. Eg trur eg har mykje å lære der, men også ein del å bidra med, seier Dale.

Han vart vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal Frp i 2017 og var landbruksminister frå 2015 til 2018 og deretter samferdselsminister frå 2018 til Frp gjekk ut av regjering tidlegare i år.

36-åringen frå Dalsbygda på Sunnmøre har saman med Sylvi Listhaug vorte trekt fram som ein mogleg ny partileiar i Frp.

Han avviser at grunnen til at han no trekker seg frå rikspolitikken, er at Listhaug no ser ut til å stå sterkare til å ta over etter Siv Jensen.

– Nei, det er heldigvis feil. Eg er eigentleg mykje mindre ambisiøs enn du skulle tru. Dessutan meiner eg Sylvi har gjort ein strålande jobb for oss. Ho og eg har stilt til val i same fylke og alltid samarbeidd godt.

Han seier samtidig at han trur han vil kome tilbake i rikspolitikken på eit seinare tidspunkt.