Koronaforsking får 55 millionar kroner av Forskingsrådet

Forskingsrådet set av 55 millionar kroner til ni innovasjonsprosjekt som er retta mot koronasituasjonen.
innenriks

– Prosjekta rettar seg mot behov i offentlege helse- og omsorgstenester for utvikling av ulike typar ny diagnostikk og avstandsoppfølging som gir betre behandling og oppfølging av koronapasientar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding frå Forskingsrådet.

– I tillegg vil prosjekta sjå på betre samhandling og beredskap, legg han til.

Tilskota skal sikre betra handtering av pandemien og eventuelle nye smittebølgjer.

(©NPK)