Undersøking: Høgre er det største partiet blant universitetsutdanna

Høgre er partiet med høgast oppslutning i ei fersk meiningsmåling blant universitetsutdanna. Arbeidarpartiet taper terreng.
innenriks

– Styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet har tradisjonelt fått stor oppslutning blant akademikarar. No ser vi at Arbeidarpartiet taper terreng. Høgt utdanna er opptekne av utdanning og skulepolitikk, klima, arbeidsplassar og verdiskaping, og det kan synast som om Arbeidarpartiet slit med å markere seg på desse områda på ein måte som engasjerer denne gruppa, seier Akademikernes leiar Kari Sollien.

I den ferske meiningsmålinga får Høgre ei oppslutning på 27 prosent, medan Arbeidarpartiet får 20. Partiet med tredje størst oppslutning er MDG, som får 13 prosent. Til saman får miljøpartia SV, Venstre og MDG ei samla oppslutning på 32 prosent i målinga.

– Klima og miljø er den saka som opptek flest akademikarveljarar. At SV, Venstre og MDG, som har sterk miljøprofil, gjer det bra blant akademikarveljarar, er derfor ikkje så overraskande, seier Sollien.

Universitetsutdanna respondentar

Undersøkinga er gjennomført av Respons på oppdrag for Akademikerne i perioden 4.–17. juni. Dei 899 respondentane er universitetsutdanna personar både med og utan medlemskap i Akademikernes medlemsforeiningar.

Raudt får ei oppslutning på 9 prosent, medan SV, Senterpartiet og KrF får høvesvis 12, 5 og 2 prosent. Venstre og Frp får ei oppslutning på høvesvis 7 og 4 prosent.

Aukande tal på høgt utdanna

Eit aukande tal personar i Noreg har ein universitets- eller høgskuleutdanning. I 2013 var talet på personar med master- eller doktorgradar om lag 289.000, ifølgje SSB. I 2019 var dette talet stige til 445.000.

– Akademikarar blir ei stadig viktigare veljargruppe, og fleire og fleire unge vel å ta utdanning. Det er bra. Noreg skal gjennom ei omstilling mot lågutsleppssamfunnet og må skape nye eksportnæringar og arbeidsplassar på vegen, seier Sollien.

Ho legg til at høg utdanning gir arbeidslivet viktig spisskompetanse, produktivitet og omstillingsevne.

(©NPK)