Mann i 60-åra døydde etter dykkarulykke i Hadsel i Nordland

Ein finsk mann i 60-åra er erklært død etter ei dykkarulykke ved Fiskebøl i Hadsel kommune i Nordland.
innenriks

Det opplyser Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).

– Han vart frakta til UNN med redningshelikopter, men vart dessverre erklært død då kan kom fram. Pårørande er varsla, skriv dei på Twitter.

Eit Sea King redningshelikopter frå 330-skvadronen i Bodø og andre nødetatar rykte ut til Hattneset ved Sløverfjorden i Hadsel onsdag.

Politiet i Nordland melde om hendinga på Twitter ved 14-tida.

– Han var i følgje med fleire andre dykkarar i vatnet då ein av dei andre dykkarane såg at mannen hadde problem og fekk han på land, seier operasjonsleiar Tommy Bech i Nordland politidistrikt til NTB.

Nødetatane vart sende til staden og gjorde livreddande førstehjelp før mannen vart frakta til sjukehus med helikopter.

Politiet har gjort vitneavhøyr på staden og har òg beslaglagt dykkarutstyret til mannen. Det skal undersøkjast nærare for å kunne avklare årsaka til ulykka.

(©NPK)