182.000 nordmenn er dollarmillionærar

Stadig fleire nordmenn har verdiar på meir enn éin million dollar, ikkje medrekna eigen bustad. Ved årsskiftet var 182.000 nordmenn dollarmillionærar.
innenriks

I rapporten blir dollarmillionærar definerte som personar som har verdiar som svarar til meir enn éin million dollar i investerleg formue, utover eigen bustad.

I Noreg har talet på dollarmillionærar auka frå 174.000 i 2018, noko som svarar til ein vekst på 4 prosent. Globalt var auken nær 9 prosent, ifølgje oversikta World Wealth Report, som konsulent- og teknologiselskapet Capgemini publiserer torsdag.

Over Sverige

Noreg er blant landa i Vesten med den kraftigaste auken i talet på dollarmillionærar dei siste åra og var i 2019 på 19.-plass i oversikta, bak store land som Brasil (18.-plass) og Russland (15.-plass).

Til samanlikning kjem Sverige på 23.-plass med 142.000 dollarmillionærar. Det er dermed nær 30 prosent fleire dollarmillionærar i Noreg enn hos «söta bror».

– World Wealth Report dokumenterer den sterke velstandsveksten vi har hatt i Noreg. Delen dollarmillionærar blant nordmenn er svært høg, seier rådgivar Ingrid Lehne i Capgemini.

Uro og uvisse

2019 var prega av internasjonale handelskriser og uro, men talet på dollarmillionærar auka likevel over store delar av verda. For første gong sidan 2012 var veksten større i både Nord-Amerika og Europa enn i Asia.

Koronakrisa har likevel ført til stor økonomisk uvisse i år, både i Noreg og globalt. Førebelse tal viser at formuane til dollarmillionærane er reduserte med 6 til 8 prosent som følgje av pandemien, viss ein samanliknar tal frå desember 2019 med slutten av april i år.

Billionar forsvann med koronakrisa

Ifølgje bransjeorganisasjonen for børsane i verda, World Federation of Exchanges, forsvann over 18 billionar dollar – det vil seie 18.000 milliardar dollar – frå den globale finansmarknaden i februar og mars i år som følgje av koronapandemien.

– Koronakrisa har konsekvensar òg for det øvre økonomiske sjiktet av folket, samtidig som vi ser ein klar tendens til at denne gruppa er klar for grønare og meir berekraftige investeringar framover, seier Lehne.

(©NPK)