Hurtigrutens kommunikasjonssjef: – Vi har aldri prøvd å skjule noko

Kommunikasjonssjefen i Hurtigruten seier at selskapet no ventar på svar frå den eksterne granskinga dei har bestilt. Han avviser at dei har prøvd å skjule noko.
innenriks

– Vi har sett i verk ei ekstern gransking av heile hendingsgangen. DNV GL skal no gå gjennom heile hendinga i detalj og kome til botns i alt som har skjedd. Inntil dette er på plass, ber vi om forståing for at vi ikkje kan gå inn på alle detaljar i saka akkurat no, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

– Men det er viktig for oss å understreke at vi har aldri prøvd å skjule noko eller halde tilbake informasjon. Manglande og for dårleg tilgang på informasjon internt i selskapet har ført til at vi ikkje har klart å ha ein god og open nok kommunikasjon ut av selskapet dei siste dagane, seier han vidare i pressemeldinga.

Tidlegare tysdag sa Folkehelseinstituttet til NRK at Hurtigruten braut ein avtale dei hadde inngått i eit møte onsdag om at selskapet skulle informere passasjerane om koronasmitten om bord på ekspedisjonsskipet Roald Amundsen.

(©NPK)