Byrådet i Oslo oppmodar til koronavit i haustferien – vurderer strammare tiltak gjennom veka

Kommande veke er det haustferie i Oslo, og byrådet oppmodar folk til ikkje å ta ferie frå smittevernreglane, anten dei blir i byen eller ikkje.
innenriks

I ei pressemelding minner byrådet om at smittesituasjonen i Oslo framleis er alvorleg. Smittetala dei siste vekene auka frå 115 i veke 36, til 310 i veke 38. Dei første fire dagane denne veka var det i gjennomsnitt 49 nye smitta kvar dag.

Måndag innførte byrådet eit forbod mot private samkommer på fleire enn ti personar. I tillegg forsterka byrådet tilrådinga om å bruke munnbind på kollektivtransport og om heimekontor for flest mogleg, og serveringsstadene vart oppmoda til å registrere alle gjester.

I haustferieveka vil byrådet vurdere å redusere det maksimale talet personar på innandørsarrangement til 50 og innføre påbod om munnbind i kollektivtransporten og gjesteregistrering i serveringsbransjen.

(©NPK)