Høie: – Eg ønskjer kongen god betring

Helseminister Bent Høie (H) ønskjer kong Harald god betring.
innenriks

– Eg vil ønskje Hans Majestet Kongen god betring og er sikker på at han er i trygge hender og får den aller beste hjelpa der han er no, sa Høie til Randaberg24 etter at han fredag ettermiddag opna Randaberg Helsesenter.

Kong Harald vart i morgontimane fredag lagd inn på sjukehus. Han skal ha gitt uttrykk for å vere tungpusta.

(©NPK)