Nav har politimeldt mistenkt koronasvindel for 27 millionar kroner

Nav har meldt 24 forhold på til saman 27 millionar kroner til politiet på mistanke om koronasvindel. Skatteetaten har avvist søknader om 1,6 milliardar kroner.
innenriks

Nav-direktør Hans-Christian Holte seier at Nav i juli avdekte det etaten meiner er fleire svindelforsøk i samband med lønnskompensasjonsordninga.

– Det er politimeldt 24 saker for ein samla sum på 27 millionar kroner, og det er stansa utbetaling av 11 millionar kroner. Vi jobbar framleis med kontrollarbeid knytt til ordninga, seier han til NTB.

Skatteetaten opplyser at dei har avvist 18.000 søknader om koronastøtte til ein verdi av 1,6 milliardar kroner. 10.500 av desse sakene er plukka ut til vidare manuell behandling og kontroll.

– Dette kan dreie seg om forsøk på svindel, men det kan òg handle om at ein har misforstått kriteria for ordninga, understrekar fungerande skattedirektør Eve Vangsnes Bergli overfor NTB.

– Så langt er det ikkje noko som tyder på omfattande misbruk av kompensasjonsordninga for næringslivet, seier Bergli.

Totalt har Skatteetaten teke imot 90.000 søknader til kompensasjonsordninga for næringslivet, som etaten har ansvaret for. 70.600 søknader er godkjende, og det er så langt utbetalt 6 milliardar kroner.

Nye moglegheiter for kriminelle

Skatteetaten, Nav og fleire andre underordna etatar som er involverte i arbeidet for å hindre arbeidslivskriminalitet, møtte fredag arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H), finansminister Jan Tore Sanner (H) og justisminister Monica Mæland (H) til eit statusmøte. Svindelforsøk av støtteordningane som vart oppretta i samband med koronapandemien, var blant temaa.

– Vi har fått høyre her at ordningane som vart oppretta, har gitt nye moglegheiter for kriminelle aktørar som vil prøve å utnytte systemet, uttalte Torbjørn Røe Isaksen.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) seier omfanget ikkje er så stort at det tyder på at ein ikkje skulle oppretta ordningane på den måten ein gjorde.

– Tiltaka har vore heilt nødvendige for å skape tryggleik for bedriftene i ein ekstrem situasjon. Desse ordningane har vore heilt nødvendige og har bidrege til å redde bedrifter. Vi ville gjort det same igjen, svarte Sanner på eit spørsmål frå Fri Fagbevegelse.

Tidspress

Torbjørn Røe Isaksen peika på at ordningane er nye og bygde opp svært raskt.

– Det er ingen løyndom at vi meiner ein klar lærdom er at viss vi kjem i ein slik situasjon igjen, så bør vi gjere ting på ein litt annan måte. Det var svært mange bestillingar frå Stortinget på ting som skulle ordnast på svært kort tid, og då vil nødvendigvis nokre av kontrollordningane bli litt svakare, seier Isaksen.

Han påpeika at ei viktig erfaring er at openheit om kven som søkte, og kor mykje dei fekk, har vore eit viktig bidrag til å hindre kriminalitet.

Justisminister Monica Mæland understreka at politiet prioriterer svindel av ordningane høgt.

– Det er kjempeviktig at alle som prøver seg på å svindle i ein krisesituasjon, skal vite at det blir prioritert, og at det blir følgt opp viss ein blir teken, seier ho.

(©NPK)