Høie: Uakseptabelt med truslar mot tilsette i helsestyresmaktene

Folkehelseinstituttet har den siste tida meldt om to truslar mot tilsette. Helseminister Bent Høie (H) meiner at slike truslar er uakseptabelt.
innenriks

– Det er sjølvsagt heilt uakseptabelt å true offentlege tenestemenn fordi dei gjer ein viktig jobb på vegner av oss alle saman. Eg er glad for at Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet følgjer opp den typen truslar på ein kontant måte og melder dette til politiet. Det er sjølvsagt ikkje noko som nokon skal utsetjast for, seier helseministeren til Dagbladet.

Folkehelseinstituttet har tidlegare opplyst at dei har meldt to truslar mot deira tilsette til politiet. Også Helsedirektoratet har fått truslar mot sine tilsette. Fleire av situasjonane er knytte til koronasituasjonen og handteringa til styresmaktene.

Helsedirektør Bjørn Guldvog opplyser at han sjølv har opplevd truande ytringar, men at trusselnivået ikkje har vore høgt hos dei.

– Vi har hatt dialog med politiet om nokon av desse truslane, seier Guldvog.

(©NPK)