Støre etter at retten stoppa bygginga av Utøya-minnestad: – Nok er nok

– Seigpininga terroroffera opplever med minnesmerket er som salt i såra, seier Jonas Gahr Støre. Advokaten til naboane meiner utsegnene kan påverke retten.
innenriks

– Eg synest det er greitt å seie at nok er nok og at det vil vere eit trist nederlag for vår felles nasjonale handlekraft viss Noreg ti år etter 22.-juli-terroren i 2011, står utan eit nasjonalt minnesmerke på Utøyakaia, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til VG.

Fredag førre veke vart det klart at Ringerike tingrett gir naboane som har saksøkt staten og AUF medhald i at bygginga av den nasjonale minnestaden på Utøyakaia skal stoppast. I november startar rettssaka om minnestaden skal byggjast i det heile.

Støre meiner ein nasjonal minnestad vil vere viktig.

– Rettssaka må gå sin gang, men no føler mange av dei som vart hardast ramma på Utøya at nok er nok. Mange er med rette sinte og frustrerte. Eg skjønner dei godt. Mange terroroffer slit framleis, og den seigpininga dei opplever med minnesmerket er som salt i såra, seier han.

Advokaten til naboane, Ole Hauge Bendiksen, reagerer på fråsegnene frå Støre, og meiner at han som stortingsrepresentant bør respektere maktfordelingsprinsippet.

– For meg verkar utsegnene frå Støre å vere eigna til å påverke den dømmande makta. Her burde ein brukt ein meir audmjuk tone, og i større grad gitt uttrykk for ein heider av den maktfordelinga som ligg mellom politikarane og den dømmande makta.

(©NPK)