Hammer gir seg som landslagstrenar

Kristian Hammer gir seg som landslagstrenar i kombinert, melder NRK.
sport

42-åringen gav seg som landslagstrenar første gong for fem år sidan, men kom seinare inn igjen. Det kan fort skje denne gongen òg, seier han til NRK.

Men akkurat no ønsker han å bruke meir tid saman med familien.

Kristian Hammer var ein svært god, aktiv kombinertutøvar i si tid, og er verdsmeister for lag både i 2001 og 2005.

(©NPK)