Utskjelte Lindelöf vart pappa

Victor Nilsson Lindelöf har fått mykje pepar for å seie nei til landslagsspel for Sverige mot Romania og Noreg. Måndag vart han far til ein son.
sport

Livet ropte, skreiv Manchester United-spelaren Lindelöf.

Beskjeden kom rett før Sverige hadde pressekonferansen sin i Oslo måndag ettermiddag.

Lindelöf melde forfall til Sveriges to EM-kvalifiseringskampar av personlege årsaker.

Mange har sådd tvil om det berre var fødselen som var årsaka til at han valde å seie nei til landslagsspel.

Landslagstrenar Janne Andersson trur ikkje at Lindelöf sluttar seg til troppen i forkant av møtet med Noreg tysdag.

– Det har ikkje vorte vurdert. Det kjennest kunstig om vi skulle fly han inn. Kanskje skal vi vurdere det om han melder seg spelesugen, men i utgangspunktet lèt vi den nye familien i fred, sa Andersson.

(©NPK)