Det melder Sky Sports i Italia.
Conte har i lengre tid vore sett i samband med den ledige jobben i Inter. Samtidig har han òg vore sett som ein av dei heitaste kandidatane til å etterfølgje suksessrike Massimiliano Allegri i Juventus.
No tyder mykje på at 49-åringen, som har vore utan trenarjobb sidan han fekk sparken i Chelsea i juli 2018, er på veg tilbake i fotballmanesjen.
Inter er nummer fire i Serie A før siste serierunde. Klubben kjempar for plass i meisterligaen neste sesong.
(©NPK)