Ødegaard briljerte på spansk, Lagerbäck tilskodar på eigen pressekonferanse

Martin Ødegaard og Joshua King tok hovudrollene på pressekonferansen dagen før skjebnekampen mot Spania, og Lars Lagerbäck vart nesten arbeidsledig.
sport

Ødegaard fortalde både på norsk og på flytande spansk at det blir spesielt å møte mange kjente frå spansk fotball i kamp, medan King uttalte at verken han eller Ødegaard ville ha dumma seg ut om dei hadde spelt for det spanske laget.

Den tidlegare Spania-proffen Dan Eggen var ein kompetent tolk, men Ødegaard tok på strak arm utfordringa frå den einaste frammøtte spanske journalisten om å svare på spansk.

– Det blir spesielt å spele mot venner og lagkameratar, men det er ein kamp begge vil vinne, sa Ødegaard, som spesielt vart spurd om utsikta til å møte klubbkamerat Mikel Oyarzabal i kamp.

– Det er betre å spele på lag med Mikel enn mot han, men det blir stort for oss begge, sa han.

– Det blir ein spesiell kamp, men først og fremst er det ein viktig kamp. Eg møter både lagkameratar og tidlegare lagkameratar og spelarar eg kjenner godt frå ligaen. Det blir òg ei kul ramme, og forhåpentlegvis ei kul oppleving, sa Ødegaard tidlegare på norsk.

Arbeidsledig sjef

Lars Lagerbäck hadde med seg dei to største stjernene sine til den obligatoriske pressekonferansen dagen før kamp, og fekk den rolegaste dagen han har hatt på podiet nokosinne. Eitt einaste spørsmål vart retta til landslagssjefen dei 18 minutta seansen varte.

Det kom frå VG og handla om i kva grad han som Drillo i si tid hatar å spele mot lag det blir forventa at Noreg skal slå lett, men elskar å spele mot dei store nasjonane der Noreg er underdog.

– Eg er nok ikkje så mykje kjenslemenneske som Drillo. Eg er så kjedeleg at eg ikkje hatar å spele mot nokon. Eg førebur berre på best mogleg måte, men det er spennande å møte dei gode og måle seg mot dei, sa Lagerbäck, som faktisk fekk færre spørsmål enn tolken. Mot slutten vart nemleg den tidlegare landslagsstopparen Eggen spurd om nøkkelen til norsk suksess, og kven som bør utgjere stopparparet.

Elles gjekk spørsmåla til Ødegaard og King, som vart skjerma både onsdag og torsdag då resten av troppen var tilgjengelege for pressa kvar sin dag.

– Ville ikkje ha dumma oss ut

King sa at han gler seg veldig til kampen. På direkte spørsmål frå Aftenposten om han og Ødegaard er gode nok til at dei kunne spelt for Spania, stilte han seg ikkje avvisande.

– Martin har vore månadens spelar i Spania, og eg trur ikkje han ville slite med å komme inn på det spanske laget. Eg speler i Premier League, som er noko heilt anna, men eg trur både han og eg ville takla dei fleste ligaene, og eg trur ikkje vi hadde dumma oss ut på det spanske laget, sa han.

– Det blir fullsett på Ullevaal, og vi kan ikkje be om meir. Det står mykje på spel fordi vi kasta bort fire poeng mot Sverige og Romania. For å få noko ut av kampen må alle mann vere 110 prosent på jobben og ha sin beste dag. Vi treng litt flaks òg, men vi scora mot dei borte og skapte sjansar i Valencia. Det blir viktig å vere kompakte bak og ikkje sleppe dei til.

Sannsynlegvis speler King på topp laurdag med Ødegaard rett bak seg, slik Noreg hadde suksess med i bortekampen mot Sverige sist.

– Eg trivst med presset, og det trur eg Martin gjer òg. Det er opp til oss å skaffe eit best mogleg utgangspunkt for kampen i Romania tysdag, sa King.



(©NPK)