Vardys kone har fått dødstruslar etter skuldingar om lekkasjar til pressa

Rebekah Vardy, som er kona til Leicester-spelaren Jamie Vardy, har fått dødstruslar etter at ho vart skulda for å ha leke Rooney-opplysningar til The Sun.
sport

Vardy har følgt Coleen Rooneys private Instagram-konto over ein lengre periode, og i eit Twitter-innlegg skreiv Coleen Rooney at det er informasjon herfrå Vardy skal ha delt med storavisa The Sun.

– Det har vorte gitt så mykje informasjon til dei om meg, vennene mine og familien min – alt saman utan at eg har visst om det eller gitt samtykke til det, kunngjorde Rooney.

Ho starta si eiga etterforsking av kven som kunne vere personen som lak informasjon om henne til avisa. Mellom anna blokkerte ho alle utanom éin mistenkt konto frå å sjå oppdateringane hennar på Instagram i ein periode.

Deretter byrja Rooney å legge ut falske historier for å sjå om dei hamna hos The Sun. Seinast ein post om at kjellaren hennar hadde flauma over.

Historia hamna på trykk i The Sun, og den einaste personen som har sett alle originalpostane er, ifølgje Rooney, Rebekah Vardy.

I eit intervju med Daily Mail seier Vardy at saka har eskalert dei siste 24 timane, med grov hets frå anonyme.

– Eg har fått meldingar om at eg fortener å døy, at barna mine burde døy, at mitt ufødde barn ikkje burde bli fødd. Eg er ei tøff kvinne, men dette har fått meg til å gråte, seier høggravide Vardy.

The Sun skriv at engelsk politi har vore heime hos Vardy-familien etter hendinga.

– Det er vanskeleg å forklare kor frykteleg dette har vore, seier Vardy.

(©NPK)