Alpint: Ny siger til McGrath i europacupen

Atle Lie McGrath gjekk torsdag heilt til topps i europacuprennet i storslalåm i Slovakia. Det er andre strake sigeren til 19-åringen i europacupen.
sport

For under ei veke sidan vann nordmannen superkombinasjon i italienske Sella Nevea. Då køyrde han òg inn til andreplass i super-G.

Torsdag heldt 19-åringen fram den gode køyringa og suste ned til siger i storslalåmrennet i Jasna, Slovakia.

McGrath leidde etter første omgang, men leverte berre den 12. beste tida i finaleomgangen. Likevel var samanlagttida god nok til å vinne rennet, 0,16 sekund føre tyske Bastian Meisen. Italienske Roberto Nani vart nummer tre, 0,32 bak.

Marcus Monsen køyrde seg opp frå 10.-plass etter første omgang til 4.-plass (+0,78).

(©NPK)