Bolsjunov slo tilbake og vann langetappen i skitouren

Russaren Aleksandr Bolsjunov fekk revansje frå Åre-sprinten og vann den 34 kilometer lange 4. etappen i skitouren i suveren stil.
sport

Russaren viste musklar og parkerte dei norske på etappen på torsdag. Til slutt skilde det 51,4 sekund mellom Bolsjunov og toar Johannes Høsflot Klæbo.

Emil lversen vart nummer tre etter å ha tapt spurten mot Klæbo.

Pål Golberg som leidde i samandraget før etappen hadde 23 sekund til gode på Bolsjunov og 42 sekund føre Røthe. Men med sigeren tok russaren over leiinga i samandraget med to etappar att. Sjur Røthe på andreplassen er over minuttet bak.

Det var lite dramatikk på løpet for mennene innleiingsvis bortsett frå at staven til Bolsjunov knakk i motvinden opp til runding. Han fekk med ein gong ein ny av lagkameraten Denis Spitsov, men det tok litt tid før det sterkaste kortet til russarane fekk ein ny som passa betre.

– Oppover gjaldt det å halde utstyret i orden og bruke minst mogleg krefter for å slå tilbake mot slutten på veg tilbake. Stallordren var at vi ikkje skulle dra i sund feltet for å få med konkurrentar, sa landslagstrenar Eirik Myhr Nossum til NRK.

Det vart litt meir fri utfalding etter runding og tredjemann i samandraget Sjur Røthe nytta høvet til å stikke ifrå frå front. Han fekk derimot med seg Bolsjunov og Simen Hegstad Krüger. Samanlagtleiar Pål Golberg fekk derimot problem og måtte sleppe nokre sekund. Det vart til over minuttet til slutt.

Krüger måtte sleppe då den sterke russaren sette fart i dei flate partia. Også Røthe fekk problem med å halde Bolsjunovs tempo. Russaren hadde ein utruleg glid på skia inn mot mål.

Røthe vart òg tatt igjen av ein horde av landmenn mot slutten.

Etappen skulle eigentleg gått frå Storlien i Sverige til Meråker og vore på 38 kilometer. På grunn av rufsete vêr på fjellet vart dette endra til 34 kilometer med start og mål på Meråker. Først gjekk dei ein 2,5-kilometer inne på Grova skistadion før turen gjekk heilt opp på snaufjellet. Der gjekk dei ei sløyfe før dei snudde og gjekk til tilbake til Meråker. Etappen vart avslutta med ein ny 2,5-kilometer inne på skistadion.

(©NPK)