Justin Fashanu heidra i Manchester

Justin Fashanu vart onsdag innlemma i æresgalleriet i nasjonalmuseet i engelsk fotball i Manchester, samtidig som problemet med homohets har vorte aktualisert.
sport

Fashanu var i 1990 den første spelaren i engelsk profesjonell fotball som kom ut av skapet. Ikkje mange har gjort som han, og framleis er homohets å høyre på engelske fotballtribunar.

Chelsea gjekk tysdag ut med ei erklæring om at «ei stor gruppe Manchester United-tilhengjarar» stod for «uakseptable homofobiske rop» før og under Premier League-kamp i London måndag. Ei rekkje United-fans vart viste bort frå Stamford Bridge på grunn av dette.

Justin Fashanu vart innlemma i engelsk fotballs «Hall of Fame» på det som ville vore 59-årsdagen hans. Han tok livet sitt i 1998.

For den talentfulle spissen vart livet som homoseksuell fotballspelar svært vanskeleg, og han vart regelmessig hetsa.

Justin Fashanu var eitt av dei største talenta i engelsk fotball på slutten av 1970-talet. Han slo gjennom som Norwich-spelar og vart kjøpt av Nottingham Forest i 1981 for ein million pund, ein særs høg sum på den tida. Overgangen vart ingen suksess, og manager Brian Clough skal ha frose han ut då han vart klar over Fashanus seksuelle legning.

(©NPK)