Olsbu Røiseland nedstemt på taktikkmøtet – planen gav gull

Marte Olsbu Røiseland måtte lytte til Johannes T. Bø og gå hardt ut frå start på parstafetten i skiskyttar-VM. Resultatet vart perfekt for Noregs superduo.
sport

Thingnes Bø hadde delvis skremt Olsbu Røiseland ved å vere ytst offensiv i målsetjinga før løpet. Onsdag kveld gav han klar beskjed om at det berre var gull som var godt nok.

Olsbu Røiseland, som hadde ein plan om å starte løpet i kontrollert tempo, måtte skrinlegge den ideen og trykke til.

– Det var Johannes sin taktikk. Eg hadde eigentleg ein taktikk om å starte litt roleg, men på møtet i går var ikkje det noko alternativ. Eg vart nedstemd og fekk beskjed om at eg måtte opne hardt. Og det gjorde eg, sa Olsbu Røiseland til NTB etter løpet.

– Eg var veldig fornøgd med at Hanna (Öberg) sette opp tempoet, og eg klarte å smette forbi ho ganske tidleg. Då fekk eg følgt planen til Johannes, og det var bra, smilte Froland-løparen.

Nesten-glipp

Thingnes Bø heldt på å rote det til på ståande skyting på den første etappen sin. Han klarte seg med tre ekstraskot og unngjekk strafferunde. Dei norske tittelforsvararane fullførte på strålande vis og var til slutt 17,6 sekund føre sølvvinnar Tyskland.

– Eg var ikkje nervøs då eg sette det siste ekstraskotet. Men eg rakk å tenke då eg hadde eitt ekstraskot igjen, at «om eg bommar no, så ryk gullet». Men eg trefte, og då visste eg at Marte kunne ta igjen i sporet det eg tapte på den skytinga. Og då fekk vi ein ny sjanse til å vise oss frå den beste sida vår, sa han til NTB i pressesona på skiskyttarstadion i Anterselva.

Thingnes Bø vedgjekk at han kanskje var i overkant brutal då han onsdag kveld fortalde Olsbu Røiseland at dei måtte gå for gullet. Samtidig kjente han seg litt skremt då han møtte lagkompisen til frukost på løpsdagen.

– Ho hadde eit skikkeleg fjes i dag, som var litt skummelt. Eg sa ikkje så mykje til henne. Eg trong liksom ikkje å gire ho opp, for ho var openberra 100 prosent til stades. Så eg var litt redd, men også trygg. Ho var heldigvis på laget mitt, gliste stryningen.

Ros

Til saman har dei to skiskyttarane samla ni medaljar så langt i VM. To gull har dei vunne saman. Thingnes Bø var ekstra tent på å ta gull etter to strake sølvmedaljar i dei individuelle løpa. Og han var òg ekstra glad for sigeren på parstafetten.

– Ja, det var utruleg godt. Det var gull med stor «G» i dag, svarte han bekreftande.

26-åringen klarte knapt å fullrose den tre år eldre makkeren sin etter innsatsen hennar i meisterskapen i Nord-Italia.

– Eg har ein veldig god lagkamerat i Marte. Ho er fantastisk dyktig og har vist styrke i heile meisterskapen. Det er tryggande å ha ho på laget. Ho er ei superblid og god jente og verkeleg ein lagbyggar.

Fredag er det konkurransefri i VM, før stafettar ventar laurdag. Der har både Olsbu Røiseland og Thingnes Bø nye gullsjansar med dei respektive laga sine.



(©NPK)