PSG-president sikta i korrupsjonssak

PSG-president Nasser al-Khelaifi er sikta for medverknad til korrupsjon i samband med omsetning av TV-rettar, opplyser påtalemakta i Sveits.
sport

Al-Khelaifi og tidlegare Fifa-generalsekretær Jérôme Valcke er sikta av ein sveitsisk domstol. Dei to er saman med ein tredje person sikta for korrupsjon i samband med kjøp av TV-rettar, skriv AFP.

Ifølgje den sveitsiske påtalemakta (OAG) gjeld dette «TV-rettar for ulike VM-sluttspel og Fifas kontinentcup».

Al-Khelaifi er styreleiar både i sportsrettsselskapet Bein Media Group og i Qatar Sports Investment. Mest kjent er han likevel som styreleiar og administrerande direktør i den franske fotballklubben Paris Saint-Germain.

I ein kommentar torsdag hevdar PSG-sjefen at han er uskuldig og at han reknar med å bli reinvaska frå alle skuldingar.

Han er mellom anna skulda for å ha gitt Valcke «upassande gåver», som skulle fungere som ei motyting for rettane til mellom anna nemnde sluttspel. Blant gåvene blir 18 månader med gratis opphald på ein luksuseigedom, som normalt kostar mellom ein og to millionar kroner i leige, nemnd.

Valcke vart i 2016 dømde til ti år utestenging frå all fotball for rolla si i korrupsjonsskandalen som også felte Fifa-president Sepp Blatter.

(©NPK)